Hard er mitt lands lov

«Eit uhyrleg og gigantisk monster gleid stille fram frå skjulet sitt bak trea. Med eit grufullt hovud, med løvekjeft og slue plirande auge, som på ein listig slange.»

Året er 1010. Eit norsk vikingskip kalla Havjerven ligg i Roma på handel. Ein mann frå dei norrøne nybygdene på Grønland går om bord. Han kjem i krangel med hovdingen på skipet. Orda hans er uforsonlege, og etter ein bitter strid står han der som drapsmann. 

Mannskapet vil hemne hovdingen, men grønlendingen staggar dei med ei forteljing om ei gammal fønikisk handelsrute til det indre av Afrika og med løfte om rikdom og ære. Dei lèt seg fange av orda hans, og då skipet står til havs mot vest, står grønlendingen til rors som ny hovding på Havjerven. Med det startar ei skjebnesvanger reise. Hard er mitt lands lov er ein stor episk roman om eit vikingtokt til det indre av Afrika. 

Med parallellar til Herman Melvilles «Moby Dick» og Joseph Conrads «Mørkets hjerte», har Kvæven laga ein historisk roman om eit eventyrleg vikingtokt til det indre av Kongo.

Designet og utviklet av adsign idèutvikling