Tore Kvæven

Tore Kvæven er fødd i 1969 og bur i Sirdal i Agder fylke. I tillegg til å vere forfattar er han sauebonde og lærar. Han er utdanna ved Landbrukshøgskulen på Ås og debuterte som forfatter i 2011 med romanen «Hard er mitt lands lov». Tore skreiv på romanen i over tjue år. Han er inspirert av islendingsogene og brukar av sin erfaring frå reiser i Afrika. I 2013 kom barneboka «Kameljegaren» og i 2018 var Tore tilbake i vikingtida med romanen «Når landet mørknar». Romanen vart svært godt motteke og fekk terningkast seks i VG, Adresseavisen og Fædrelandsvennen. Tore fekk den prestisjetunge Brageprisen og Sørlandets Litteraturpris i 2019.

 

Kvæven skriv bøkene sine på det ein kallar for eit arkaisk nynorsk som er i slekt med språket i islendingesagaene.

Designet og utviklet av adsign idèutvikling