Om vikingtida

Milde, modige
menn lever best,
dei ét seg sjeldan sut.

Havamål, strofe 48.

Vikingtida  er eit omgrep som blir brukt om tida i Norden frå omlag år 800 fram til omlag 1050. Perioden vert ofte kalla den fyrste storheits tida i dei nordiske landa. Regionen opplevde befolkningsvekst, auka handel med Europa, sentralisering av makt og overgang frå norrøn religion til kristendom.

Angrepet på klosteret Lindisfarne i Nord-England i 793 markerer starten på vikingtida. Klosteret vart røva frå skattar og dei unge munkane som ikkje vart drepne vart førd bort som  slavar, dei var ein viktig del av arbeidskrafta på gardane i Norden. På denne tida var kanskje så mange som ein tredjedel av befolkningar i Norden slavar eller trellar som vikingane kalla dei. Trellane mangla rettigheiter og vart behandla som eigendom.

Samfunnet i vikingtida var sentrert kring livet på gardar. Dei aller fleste var bønder men nokon valde å reise ut i viking, mest sannsynleg for å vinne rikdom og heider. Å oppnå heider og ære var svært viktig i vikingtid.

Tinget var ein viktig institusjon i viking samfunnet. På dei større regionale tinga vart ein einige om lover og løyste konfliktar mellom ulike ætter. Frå 900 talet har vi Gulatingsloven der ein rekke lover som regulerer kvardagslivet i vikingtid vart skreve ned. Konfliktar vart som oftast løyst ved bøter men ein kunne og bli lyst fredlaus, noko som betydde at ein mista retten til skydd gjennom lova og ein kunne myrdast utan at familien fekk kompensasjon.

Vikinganes plyndring og handelsferder påverka Europa i meir enn 200 år. Kanskje den viktigaste forutsetninga til desse ferdene var skipsbygging kunsten. I fleire hundre år før vikingtida vart sterke havgåande fartøy utvikla. Eit karakteristikk trekk ved vikingskipa var at dei hadde grunn kjøl slik at dei ikkje trengte hamner men kunne trekkast rett opp på strendene.

Europa var svart lite politisk organisert på denne tida og dette vakuumet førde til at vikingane kunne herje fritt. I tillegg til reine raid var vikingane flinke til å skaffe seg samarbeid partnerar i landa dei besøkte og etter kvart koloniserte.

Designet og utviklet av adsign idèutvikling